Kan flåtten overføre fleire sjukdomar? Kan eg ha fått fleire infeksjonar samtidig?

Ja, det er slett ikkje uvanleg med fleire samvirkande infeksjonar. Det er kjent at flåtten spreier fleire andre viktige sjukdomsframkallande organismer, som Anaplasma, Bartonella,  Neoehrlichia, Rickettsia helvetica og Babesia. Dette er velkjent problematikk i mange andre land, men blir ikkje rekna som spesielt viktig i humanmedisinen hos oss. Sannsynlegvis er her mykje ugjort arbeid. Både Anaplasma og Bartonella er velkjente i veterinærmedisinen her i landet, og der er ingen rimeleg grunn til at dei ikkje skal gå på nordmenn.

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss