Symptomer

Artikkelindeks
Symptomer
Symptomliste fra Deutsche Borreliose-Gesellschaft e. v.
Symptoma på Lyme Borreliose forandrar seg over tid
Sjukdomar LB kan forvekslast med
Alle sider
Sjukdomar Lyme Borreloise kan forvekslast med  (differensialdiagnoser) 

Lyme Borreliose kan lett forvekslast med andre sjukdomar, og blir ofte kalla den store imitatoren. 

ME/CFS
Sjukdomsbildet for Lyme Borreliose og ME er  overlappande eller samanfallande -  sjå f.eks lista over ME symptom utarbeidd av Jodi Basset.   Utmattelse, kognitive symptom, autonome forstyrrelsar og depresjonar går igjen.  Både for  LB og ME blir funn ved SPECT (redusert blodgjennom­strøyming i delar av hjerna) og PET (som oftast påvisning av forhøya stoffskifte) brukt som indikasjon.  Både LB og ME pasientar får ofte forhøya  verdiar av Nor­adrenalin, Dopamin og Kortisol. Det blir også rapportert om uregelmessig puls, og feil i temperaturreguleringa . Fellestrekka er altså slåande, - men kva er forskjellane ? Når pasienten får ME diagnose – og ikkje LB – er det praktisk talt alltid basert på at testane for borrelia er negative.  Dersom pasienten testar negativt på antistoff for Bb, enten på blod eller spinalveske – blir LB ekskludert som årsak, og pasienten får etter kvart ME diagnose.  Det finnes meir og meir dokumentasjon på at negativ serologi IKKJE kan brukast diagnostisk, og at  mange av desse pasientane har ein underliggande borreliainfeksjon, som ikkje har blitt påvist ved hjelp av serologi. 

Det blir antyda at meir enn 15000 personar i Norge er ramma av ME/CFS.  ME /CFS har ingen kjent årsak, og ingen kjent behandling. Diagnosen blir stilt ut frå eit sjukdomsbilde der langvarig utmattelse er det viktigaste, saman med ei lang rekke tilleggssymptom som du kan finne både hos LB ramma og hos personar med ME/CFS diagnose. Det er grunn til å tru at det under diagnosen ME/CFS kan gøyme seg fleire forskjellige mekanismar , og det er også grunn til å tru at  Borrelia infeksjon er underliggande årsak hos  mange av desse.  Drøftinga som er gjort om ME/CFS og LB er langt på veg også relevant for pasientar med diagnosen Fibromyalgi.   

ALS / MS
ALS er ein alvorleg nevrologisk lidelse, med ukjent årsak. Mekanismene involverer demyelinisering , men det er fortsatt mykje uklart når det gjeld underliggande årsaker. Nokre Lyme Borreliose pasientar har – eller har hatt - ALS  eller MS diagnose.  Denne gruppa av LB ramma har eit sjukdomsbilde som ofte blir knytt til ALS  og / eller MS. Dette går m.a. på støt gjennom kroppen,  problem med å gå / bevege hender og føter, og nokre får problem med tale eller svelg.  Her er det mykje ugjort arbeid,  ikkje minst for å finne ut om overlapping i sjukdomsbilda er tilfedligheiter eller om her er biologiske fellesnemnarar. 

ANDRE;
Mange av pasientane som etter kvart får dokumentert Lyme Borreliose, har vore utgreidd for psykiatriske eller psykosomatiske lidelsar.
Ei anna stor gruppe er LB ramma som primært får muskel / ledd plager. Fleire av desse pasientane blir vurdert, og får evt diagnoser som går på revmatiske lidelsar.  Det er også heilt vanlig å få fortalt at problema er knytt til ubalanse i stoffskiftet.

 

 



 

bli_medlem_2

Aktuell gjesteskribent

ashild_andreassen

Åshild Kristine Andreassen er seniorforsker på Virologisk avdeling ved Nasjonalt Folkehelseinstitutt. Hovedfokus for forskningen er Skogflåttencefalitt (TBEV). Avdeling for Virologi er referanselaboratorium for TBE, men ved avdelingen arbeider man også med andre vektoroverførte virussykdommer.

Les mer

Siste nyheter på nett