Laboratorietester
| Artikkelindeks |
|---|
| Laboratorietester |
| PCR - påvisning av DNA |
| Mikroskopi |
| Dyrking av bakterien |
| ELISA |
| WB (Western Blot) |
| Immunkompleksmålingar |
| LTT – Lymphocyte Transformation Test |
| CD57 |
| Alle sider |

Det fins ingen 100% sikker test for å påvise ein Borreliainfeksjon. Dette er faktisk alle fagfolk enige om. Derfor står det i så og seie alle artiklar om Lyme Borreliose at dette til sjuande og sist er ein klinisk diagnose, og at laboratorietestar skal brukast som støtte for å stille diagnose. Det betyr at legen først og fremst skal sjå på sjukehistoria og symptoma, og at positive funn i laboratorietestar kan vere med og underbygge ein sannsynleg diagnose. Ein negativ test skal aldri kunne brukast for å seie at ein pasient ikkje har Lyme Borreliose, hvis sjukdomsbildet ellers tyder på at det kan vere det.
Situasjonen for dei fleste, hvis sjukdommen har blitt kronisk, er at dei ikkje har eintydige bevis på infeksjon. Då vil legen naturlegvis utføre testar for å få hjelp til å stille rett diagnose. Kva slags testar er dette? Kva viser dei eigentleg?
I prinsippet kan det gjerast to typar testing:
Direkte testing: metodar for å finne bakterien og vise at den er i kroppen no. I denne kategorien har vi dyrking, påvisning av DNA (PCR) og ulike mikroskopi-metodar.
Indirekte testing: stort sett metodar for å finne antistoff, stoff (protein) som kroppen produserer som reaksjon på bakterien, og som viser at bakterien har vore der på eit eller anna tidspunkt. Desse metodane beviser ikkje at bakterien er der no, men kan vere med og sannsynleggjere det. I denne gruppa har vi teknikkar som Elisa, Western Blot, ELISspot, Immunkompleksmålingar, LTT og CD57.
Sikre kliniske observasjonar: Erythema migrans (EM), det typiske utslettet som enkelte får etter flåttbitt, er eit sikkert bevis på Borrelia-infeksjon. Dette utslettet kjem vanlegvis innan ein månad etter flåttbittet, men ikkje alle som er smitta får det (ca 50 %). EM (Erythema migrans) Se blider av ulike Erythema migrans utslett her. ACA er rekna som eit sikkert teikn på sein, kronisk LB ACA (Acrodermatitis Chronica Atrophicans). Mange legar meiner at ansiktslammelse (Bell’s parese) sett i forbindelse med andre typiske kliniske symptom kan indikere Lyme Borreliose.
Om tolking av antistofftestar ; Tolking av serologiske testar er omdiskutert. Her er linkar til meir bakgrunnsstoff for den som ønsker å gå djupare i dette
Carl Brenner’s artikkel ”Explanation of the Lyme Disease Western Blot” eller Link til arbeide i regi av EUCALB for å forbedre og standardisere testing i Europa:

