Kan flåtten gi andre sjukdomar enn Lyme Borreliose ?
Det er kjent frå utanlandsk litteratur at flåtten kan overføre m.a. Borrelia, Anaplasma , Bartonella og Babesia. Dette er zoonoser, dvs dei går ikkje berre på menneske, men på fleire varmblodige vertar. Alle dei fire nemnde er velkjente både på husdyr og menneske i USA, medan berre Borrelia får oppmerksomheit i humanmedisinen her heime. Det er meir og meir som tyder på at Anaplasma er ei viktigare årsak enn rovdyr ift sauetap for store delar av landet. Organisma finnes i faunaen i stort monn, og det kan vere grunn til å sjå nærare på mulige konsekvensar i humanmedisinen
Det er også sterke indikasjonar på at borrelia og m.a. Anaplasma kan forekomme samtidig. Anaplasma gir svekka immunforsvar (angrip kvite blodceller og milt), og kan bidra til å gjere konsekvensane av ein samtidig borreliainfeksjon alvorlegare. Desse mekanismene er velkjente, men det er fortsatt uklart kva omfang det har i norsk samanheng.


