Finnes det flått over heile landet ?
Nei – nordgrensa for flått går ein eller annan stad i Nordland – kanskje opp mot polarsirkelen - og den overvintrar heller ikkje i innlandet. Det er likevel registrert flått på mindre lokalitetar i innland og langt nord i landet. Det kan vere grunn til å anta transport med fugl. Det blir hevda at det er flest flått på sør og sørvestlandet, men statistikken er på ingen måte sikker. Langs heile kyststripa opp til Nordland er flåtten svært vanleg.

