Korleis blir LB diagnostisert ?
Dei fleste som får diagnosen LB veit at dei nylig er bitt av flått, og dei kan vise fram det karakteristiske utslettet - Erythema Migrans (EM). Eventuelle ansiktslammelsar gir ytterlegare støtte for LB diagnose. EM er i seg sjølv bevis på LB, og ytterlegare dokuentasjon er ikkje nødvendig. For personar som har hatt langvarige symptom er situasjonen annleis. Legen tar utgangspunkt i dei symptoma pasienten har (sjå symptomlistene), og brukar antistofftesting som støtte for vurderinga. Den vanlige prosedyren ved mistanke om LB er først å ta ei blodprøve for analyse vha ELISA metodikk. Er denne negativ, blir LB som oftast avvist som årsak til sjukdom. Er denne første prøva positiv, er det vanleg at det blir tatt nye antistofftestar – ofte både i blod og spinalvæske. Desse prøvene blir analysert ved hjelp av Western Blot teknikk. Er også WB positiv vil pasienten mest sannsynleg få LB diagnose. Sjå elles omtalen av laboratoriestøtte.

