Kan flåtten overføre fleire sjukdomar? Kan eg ha fått fleire infeksjonar samtidig ?
Ja, det er slett ikkje uvanleg med fleire samvirkande infeksjonar. Det er kjent at flåtten spreier fleire andre viktige sjukdomsframkallande organismer, som Anaplasma, Bartonella og Babesia. Dette er velkjent problematikk i nokre andre land, men blir ikkje rekna som spesielt viktig i humanmedisinen hos oss. Sannsynlegvis er her mykje ugjort arbeid. Både anaplasma og bartonella er velkjente i veterinærmedisinen her i landet, og der er ingen rimeleg grunn til at dei ikkje skal gå på nordmenn

