Korleis blir LB diagnostisert?

Dei fleste som får diagnosen LB veit at dei nylig er bitt av flått, og dei kan vise fram det karakteristiske utslettet – Erythema Migrans (EM). Eventuelle ansiktslammelsar gir ytterlegare støtte for LB-diagnose. EM er i seg sjølv bevis på LB, og ytterlegare dokumentasjon er ikkje nødvendig. For personar som har hatt langvarige symptom, er situasjonen annleis. Legen tar utgangspunkt i dei symptoma pasienten har (sjå symptomlistene), og brukar antistofftesting som støtte for vurderinga. Den vanlige prosedyren ved mistanke om LB er først å ta ei blodprøve for analyse vha. ELISA-metodikk. Er denne negativ, blir LB som oftast avvist som årsak til sjukdom. Er denne første prøva positiv, er det vanleg at det blir tatt nye antistofftestar – ofte både i blod og spinalvæske. Desse prøvene blir analysert ved hjelp av Western Blot-teknikk. Er også WB positiv, vil pasienten mest sannsynleg få LB- diagnose. Sjå elles omtalen av laboratoriestøtte.

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss